Current Research Information SysTem In Norway
 
 

 English version


 
Hovedside
Forskningsresultater/NVI
Forskere
Prosjekter
Forskningsenheter
Logg inn
Om Cristin
 
 
   




Mangfald & Samhandling

Forskningssenter-bilde

Forskningssenterinfo

Deltakere

Kontakt

NLA Høgskolen
Linstows gate 3
0130 Oslo
bjorghild.kjelsvik@nla.no


Beskrivelse

Om gruppa: Forskargruppa Mangfald & Samhandling er open for forskarar som arbeider med mangfaldsspørsmål i tilknytning til lærarutdanning og skoleverket. Gruppa er basert i Oslo og kjem til å ha dei fleste samlingane sine der, men er open for medlemmer frå andre NLA-campus og eksternt. Forskargruppa har fokus på forskings- og utviklingsarbeid innanfor mangfaldsfeltet. Dette feltet er vidt, og dekkjer m.a. språkleg og kulturelt mangfald, med ei rad moglege undertema som igjen kan vere prega av strid om forståingsmodellar og tilnærmingar. Samhandling peikar mot forskargruppas interesse for å arbeide med mangfald både som utfordring og som ressurs i ulike former for samhandling i skulen, og i høgare utdanning. Meir empirisk kunnskap om slike samhandlingssituasjonar skal gi innspel til utvikling av god undervising både på grunnskulenivå og i høgare utdanning, og bidra til teoriutviklinga på feltet. Utviklingsarbeidet er tilknytt integrert masterutdanning for grunnskolelærarar ved NLA Høgskolen. Vi ønskjer å jobbe med empirisk materiale i form av klasseromsforsking, men også med teoriutvikling og analysar av litteratur. Eit mål er å utvikle eit samarbeid med grunnskular i Oslo-området slik at eit miljø av grunnskulelærarar kan delta aktivt i eit forskingssamarbeid. Forskingsprosjekta har to tematiske fokusområde: a) Språkleg mangfald – språklæring og språkbruk, norsk som andrespråk, nynorsk og bokmål, dialektar, språkideologi, m.fl. b) Kulturelt mangfald – sosialiseringprosessar i ulike kulturar, heim-skule samarbeid, interkulturell kompetanse, religionspraksisar og kulturmøter, praksisfellesskap m.fl.

Lenker